Kommunar i skvis
Kva kan kommunane gjera med dårleg økonomi og rekruttering av fagfolk, særleg i distrikta?
Arrangementet krev billett
Dato
Tid
Stad
Time bibliotek - Storsalen
Arrangør
Billettar
Kommunane leverer svært mange av tenestene i det norske velferdssamfunnet. Nå melder kommune-Norge at det blir stadig tyngre å makta desse oppgåvene. Mange kommunar slit med dårleg økonomi, og det er vanskeleg å rekruttera fagfolk, særleg i distrikta.
Kva kan kommunane gjera? Det er tema for foredraget til Agnar Kaarbø, der han mellom anna vil snakka om forventningsgap, politisk mot og kva borgarane kan gjera for kommunen.
Agnar Kaarbø (f. 1961) er politisk redaktør i Kommunal Rapport. Han har bakgrunn som førelesar, journalist, kommunikasjonsdirektør og taleskrivar for fleire kommunalministrar, og er mykje brukt som kommentator og foredragshaldar. Kaarbø har mellom anna gjeve ut bøkene Politisk lederskap (2018) , og 31 nøkler til godt kommunalt lederskap (2017).
Du kan melda deg inn i JSU ved å gå inn på heimesida vår: www.jaeren-senioruniversitet.no
Årskontingent kr 500,-. Dei som melder seg på til haustsemesteret betaler kr 250,- ut året.