Kva skjer i Kristen-Noreg?
Kristen-Noreg anno 2025: mangfald, maktkamp og nye debattar.
Arrangementet krev billett
Dato
Tid
Stad
Time bibliotek - Storsalen
Arrangør
Jæren SeniorUniversitet
Billettar
Statskyrkja vart oppheva i 2012, og dei siste åra har utviklinga gått i retning av meir mangfald og større sprik mellom ulike delar av i Kristen-Noreg, både når det gjeld tru og politikk. Alt i 2003 peika Makt- og demokratiutgreiinga på kyrkjeleiarane som den mest radikale av elitegruppene i Noreg. Samstundes har meir konservative retningar hatt vind i segla i seinare tid, særleg innan frikyrkjene. Debattane i kjølvatnet av drapet på Charlie Kirk og KrFU-leiar Ingrid Olina Hovland sine utsegner om abort er eksempel på det.
Korleis skal me forstå denne utviklinga? Kor mykje er utslag av norske forhold, og kor mykje er impulsar frå utlandet, særleg USA? Og kva er forholdet mellom tru og politikk?
Sofie Braut (f. 1977) bur på Hognestad. Ho har hovudfag i engelsk litteratur frå Universitetet i Bergen og har mellom anna arbeidd som lektor på Tryggheim og som skribent og litteraturmeldar i Aftenbladet og Vårt Land. I 2023 vart ho tilsett i avisa Dagen, frå september 2025 som redaktør, og er ein profilert kommentator i spørsmål omkring religion og politikk.