Litterær lunsj: Arne Garborg sine tresko

Samtale, debatt og foredrag
Vaksne
Ungdom
Skular og skuleklassar

Høyr den dramatiske og actionfylte historia om Arne Garborg sine tresko! Berømte i to verdsdelar!

Else Strøm Larsen som Hulda Ga
Foto: Garborgsenteret
Else Strøm Larsen som Hulda Ga
Foto: Garborgsenteret
Else Strøm Larsen som Hulda Ga
Foto: Garborgsenteret

Gratis - inga påmelding

Dato

torsdag, 13. november

Tid

13:00 - 14:00

Stad

Time bibliotek - Huldas kafé

Arrangørar

Time bibliotek

Garborgsenteret

Legg til i kalender

I 1931 blei Garborg sine fillete tresko stolne frå Knudaheio. Same hausten kunne ein lesa i Nordisk tidende, basert i New York, at norskameerikanaren Søren Lura hadde tatt dei med seg til USA. Dette utløyste eit rabalder og stilte viktige prinsipielle spørsmål om museumsdrift og eigarskap. Debatten gjekk høgt i Noreg og blant norskamerikanarane.

Garborgsenterets Ørjan Zazzera Johansen har dykka ned i gamle aviser og fortel den merkelege historia om skoa, som nå er ein sentral del av den nye utstillinga i Knudaheio.

Bildet er frå detektivspelet i Garborgsenteret si utstilling, Treskomysteriet, og viser dei originale treskoa.