Til arrangement

Rangling for småsporvar

Festival
For alle

Ja, det blir Rangling for Småsporvar også denne sommaren! Masse kjekt på programmet. Følg med!

Spurv og gitar
Spurv og gitar
Spurv og gitar

Gratis - inga påmelding

Dato

laur 29. juni

Tid

12:00 - 15:00

Stad

Time bibliotek - Sporvatunet på sørsida av biblioteket.

Arrangør

Ranglerock, Nasjonalt Garborgsenter

Me er glade for å få besøk av vår favorittklubb i Stavanger. Gorrlaus har klart kunststykket å skapa ein levande folkemusikk og folkedans-klubb i Stavanger, og nå kjem dei ein tur til Bryne.

Her er ein presentasjon av musikerene som kjem. Anders Røine frå Rødtvedt i Groruddalen er blant verdas beste utøvarar på munnharpe, kjend som gitarist i duoen Sudan Dudan og supergruppa Reolo m.fl. Han er også langeleikutviklar, fele- og hardingfelespelemann, og har medverka på plater med m.a. Odd Nordstoga, Valkyrien Allstars, Sigrid Moldestad og Ingebjørg Bratland, laga musikk til Lilyhammer med Little Steven. Han har vore produsent på eit uttal folkemusikkplater og vunne landskappleiken på nettopp munnharpe mange gonger.

Hans P. Kjorstad er felespelar frå Sør-Fron i Gudbrandsdalen. Hans komponerer musikk innanfor ulike stilartar; både folkemusikk, improvisert musikk og samtidsmusikk. Han speler på ein brei palett av ulike instrumentale teknikkar, og har også vitja Ranglerock før, med prosjektet folkevogn.

Gustav Ejstes, frå Skövde i Västra Götalands län, er mest kjend som vokalist, multi-instrumentalist og komponist i dei svenske rockelegendene Dungen. Men som son av ein riksspelman, svensk tittel innan folkemusikkken, er han godt kjent med folkemusikken og me er spent på kva han vil presentera for oss og om det blir på fiol eller spilåpipa.

Fuglen folkedans arrangerer og eit 1-times kurs i Suldalsspringar. Du kan melda deg på via billettsida til Ranglerock.

Kontakt

Sånn bruker du biblioteket

Time kommune
Ansvarleg redaktør: Anne Tjørhom Frick
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Bygd med Libry Content