24 i sekundet

Biletbok  •  6 – 15 år

24 i sekundet

Bjørn Sortland

1999

Illustratør:
Lars Elling

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

Filmhistoria blir bakteppe når forteljinga om julepakka til Oda og Henrik skal lesast. Lure onkel Pål gjev dei ei gåte og eit stearinlys og sender dei på loftet for å finne gåva. Der finn barna to kule hattar, og lyset blir blåse ut. Da Henrik rykker vekk ein flik av bakteppet, blir dei ønska velkommen til Draumefabrikken av ein liten mann med hatt og bart og stokk. Ungene får oppleve mange store navn frå filmhistoria. Mens dei er i denne draumeverda, så er han der, gåva som var svaret på gåta frå onkel Pål. Barna blir glade, men ein gamal mann sit aleine og ønsker seg den samme gåva. Historia speler på fleire strengar til glede for barn, men mest for vaksne. Ho har driv, overrasking og gjenkjenning, men det blir nok mest ein vaksen lesar som kjenner seg att. For barn som vanskeleg kan sjå koplinga til filmhistoria, blir forteljinga noko tam og mister ein del av det spesielle. Lars Elling har laga originale illustrasjonar som spelar godt saman med teksten og fangar opp essensen i billedspråket i filmane. Bakerst i boka er det oppslag om kjendisar ein kjenner att frå bilder og film. Boka er skriven i eit moderne nynorsk og er lett å lesa. Samlaget, 1999.

Utgåver