Å eta eit landskap

Vaksne

Å eta eit landskap

Sigrid Bø Grønstøl

2000

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

  • Rogaland - Geografi og reiser
  • Rogaland - Kulturhistorie
Forfattaren Sigrid Bø Grønstøl og fotograf Børge Kalvig skildrar i denne boka det frodige kystlandskapet på sørvestlandet, det som lever og veks der, bær, grønsaker, fisk, fuglar og dyr. Fotograf og forfattar vandrar rundt i landskapet og ser og sansar på kvar sin måte, nyt og minnest, fantaserer og fabulerer. Lesaren blir invitert med inn i skildringane og heim på kjøkkenet der råvarer frå sjø og land blir til tradisjonsrike, velsmakande og gjestfine rettar. Boka fortel dessutan om korleis kystlandbruket og kulturlandskapet på ei øy i kyst-Norge har utvikla seg. Fotografen skildrar kultur og landskap i personlege uttrykk som fylgjer teksten sin tone. Her får ein glimt av det sørvestnorske øyalynnet og innsikt i tenkjemåtar, arbeid, skikkar og levevis i ord og bilete. Illustrasjonar i svart/kvitt. Sigrid Bø Grønstol er førsteamanuensis i nordisk litteratur ved Høgskolen i Stavanger. Børge Kalvig er kunstfotograf med fleire seperatutstillingar bak seg.

Utgåver