Normering av namn er eit felt som utløyser sterke kjensler, og det blir sagt at namnesaker helst blir reiste i samband med adressetildeling, utgjeving av bygdebøker og kart, oppsetting av skilt osb. Det kan ofte verte heidundrande bikkjeslagsmål om skrivemåten av stadsnamn, og staten sine namnekonsulentar blir ofte kritiserte for å forvrengje "det eigentlege namnet". I denne boka skriv ei rekke framståande forskarar og andre som har stått sentralt i arbeidet med namnesaker i Noreg, om framvoksteren av slektsnamn, om namn som historiske kjelder og om bruken av namn i lokalhistoriske verk. Boka er nyttig og tankevekkjande for studentar, lokalhistorikarar og alle som interesserer seg for namn. Har innhaldsliste og litteraturliste. Nynorsk tekst.