I år 2000 lever jødar, kristne og muslimar tett innpå kvarandre både i Europa og i Midtausten. I Vest-Europa er det muslimske nærveret nytt og sterkt. Oddbjørn Leirvik viser korleis jødedommen og islam historisk har vore ein del av det elles kristne Europa med ein sams stamfar, Abraham. Midtaustens historie er ein viktig del av ei felles religiøs referanseramme, og boka "Abrahams barn" syner korleis. Boka siktar seg dels inn mot studentar i kristendomskunnskap og religionshistorie, og lærarstudentar i KRL-faget. Men sidan religionsmøtet etter kvart har blitt ei utfordring for oss alle, siktar boka seg også inn mot eit vidare publikum. Boka vil kaste eit historisk lys over møtet mellom jødar, kristne og muslimar for betre å forstå spenninga mellom dialog og konfrontasjon i vår tid. Med litteraturliste og notar.