Arkimedes i Prompeland

Biletbok  •  3 – 8 år

Arkimedes i Prompeland

Hans Sande

2006

Illustratør:
Gry Moursund
Del av Arkimedes

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

  • Promping
Eureka fortel her om faren sin, som ligg i badekaret med bollemagen i veret og lagar såpeboblar. Han lagar svære prompeboblar som kjem opp mellom låra hans. Grunnen til at han fis så mykje er at han har vore for lenge i Prompeland, seier han sjøl. Eureka trur ikkje heilt på det. Pappa tar ho med til sjøs, langt ut i det Indiske hav, der Prompeland ligg. Der får Eureka og Arkimedes seg mang ei overrasking. Eindimensjonale biletelement, kvardagsgjenstandar i naivistisk bearbeiding og sprelske andlet og figurar er gode kulissar for opptrinna som finn stad. Dette er tredje bok om Arkimeds, pappa og Eureka. Nynorsk tekst. Bilet-/humorbok for førskolebarn/mellomtrinnet.

Utgåver