Åse-Marie Nesse (1934-2001) debuterte i 1970 og gav ut i alt tolv diktsamlingar. Ho var ein prisbelønt gjendiktar og hadde i ei årrekkje stilling som førsteamanuensis i tysk litteratur. I sitt virke kombinerte Åse-Marie Nesse inngåande litteraturkunnskapar med unik formidlingsevne og poetisk skaping. Denne boka er eit utval av Åse-Marie Nesses artiklar om litteratur. Ein del av dei er tidlegare upubliserte, nokre har vore trykte i tidsskrift og antologiar, og andre er kåseri eller foredrag. Utvalet viser spennet i Åse-Marie Nesse si litterære orientering frå det norske til det internasjonale, hennar klassiske danningsideal og kamp mot all undertrykking av styrken i det poetiske ordet. Nyn.