Diktaren, gjendiktaren og tyskfilologen Åse Marie Nesse måtte gi opp kampen mot kreften 67 år gammal. Då hadde ho redigert og gjendikta eit 30-tals verk, mest frå tysk og spansk, og forfatta 22 bøker. Nesse var godt skolert i den klassiske litteraturen, og nådde samtidig ut til eit stort og folkeleg publikum.