I små episodar frå barndomsår i Molde gir Grete Kleppen eit varmt portrett av far sin. Han var skomakar og ein svært sentral person i musikklivet i småbyen. Faren og musikken pregar barndommen, saman med historier frå tidlegare tider, som når byen blir bomba i april 1940, og faren flyktar med musikkinstrumenta sine, Keisar Wilhelm 2. kjem på sommarbesøk, og kunstnaren Kurt Schwitters kjem til skomakarverkstaden med dei utgåtte skorne sine.