Blekk og blod

Sjølvbiografiar  •  Vaksne

Blekk og blod : ei familiekrønike frå Midtausten og Noreg

Walid al-Kubaisi

2016

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

  • Walid al-Kubaisi (forfattar), 1958-2018
  • Flyktningar - Frå Irak
  • Irak - Historie - 1979-
Kubaisi, ein liten oase vest i Irak. Der har slekta til Walid al-Kubaisi halde til sidan tidleg på 1800-talet, etter at oldefaren grunnla eit velstyrt lite samfunn. Kubaisi-slekta vart seinare ei av dei mest respekterte i landet. I 1978 skjer eit møte med Saddam Hussain på en kafé. Så går det nokre veker, før fleire slektningar blir brutalt avretta, skulda for medverknad til militærkupp. I 1981 flyktar Walid til Syria, før han blir rekruttert til PLO i Libanon. Etter ei vond tid kjem han seg til slutt til Noreg. Meir enn tjue år skulle gå før Walid orka å vitje dette området igjen. «Blekk og blod» er historia om ein mann og ei slekt som vert øydelagt av ein despot, ein religion og lagnaden. Men Walid byggjer seg sakte men sikkert eit nytt liv i sitt nye land, og kjempar vidare – med ord som våpen. Omtalen er utarbeida av BS.

Utgåver