Forteljing. Bøkene om Bø og Bæ er enkle historier med morosamme poeng. Bø og Bæ er ute og rakar lauv. Trillebåra både knirkar og mjauar så dei må smørje hjulet. Men det hjelper ikkje. Då ser dei ein katt i treet som dei trur ikkje tør å klatre ned att. Dei prøver fleire måtar å lokke ned katten på. Statens bibliotektilsyns rådgivende utvalg for barne- og ungdomslitteratur har tidlegare skreve dette om Bø og Bæ bøkene: "Tydelege bilete i dempa, men klåre fargar og tekst i store, gode bokstavtypar gjer bøkene lett tilgjengelege. Teksten er enkel. Teksten og illustrasjonane fungerer godt saman og får fram dei gode poenga i dei kvardagslege situasjonane". Kvartformat. Biletbok for førskolebarn.