Lån boka
Anbefaling frå eit anna bibliotek
Rystande om korleis eit barn opplever flukt og politisk forfølging.
Gjennom mange gjentakande tilbakeblikk vert me kjent med korleis hovudpsersonen opplevde ein barndom der foreldra måtte gøyme seg og etter kvart flykte frå landet sitt. Handlinga føregår truleg i Chile på 70-talet. Språket er prega av korte, gjentakande setningar og oppramsing av ord. Stemninga er trist, sår og urovekkande. Hovudpersonen prøver om att og om att å gjenkalle minner og kjensler frå barndommen og å forstå dei som vaksen. Forstår ein det på ein annan måte som vaksen enn som barn? Me får innblikk i einsemd, skam, redsel og svolt, men også lyse og glade minner.
Hå bibliotek