"De kalte oss naziyngel" er basert på eit hundretals intervju med barn av norske NS-medlemmer, og for første gong får ein no ei samla framstilling av NS-barnas historie i Norge. Boka følgjer NS-barnas vanskelige veg gjennom krig og etterkrigstid, og viser korleis krigen for mange starta då den eigentleg skulle vore over: Etter frigjeringa var omgrepet nordmann blitt synonymt med "god nordmann" mens landssvikarane og barna deira blei ei utgruppe i det norske samfunnet. Kva for spor sette seg i barna? Kva slags forhold fekk barna til foreldra sine og det dei stod for under krigen? Korleis gjekk det barna i ungdomsår og inn i vaksen alder? Korleis har NS-barna det i dag? Boka set eit nytt og ubehageleg fokus på vår eiga krigs- og etterkrigshistorie. Har litteraturliste. Nyn.