Dagny gruer seg til den første skuledagen på ny skule. Ho vaknar opp til håplause klede, fæl skulemat, uleselege bokstavar på tavla, rampete gutar og jenter som mobbar. Å ønske seg tilbake til krigen var kanskje ikkje så lurt likevel, tenker Dagny, når tyske soldatar marsjerer utanfor skuleporten og bombene smell over hovudet. Heldigvis har ho mormor si venninne Belinda. Og Rikka. Dagny må lære å leve i ei heilt anna tid. Ei tid då tyske soldatar marsjerer utanfor skuleporten og bombene smell over hovudet. Når det heile vert litt for spennande, er det ikkje berre å knipe saman augne og ønske seg heim igjen. Dette er ei forteljing om ei jente frå vår tid som blir sendt på ei tidsreise tilbake til eit Noreg i krig i januar 1945. Forteljing for mellomtrinnet.