Dette er ein diktsamling om å vere tett på eit menneske med alvorleg sjukdom, og om det å bli der kjærleiken er, sjølv om kjærleiken har blitt øydelagt. Det handlar om å vere pårørande, om å elske og om å leve med sjukdom og død tett innpå livet. Omdreiningspunktet for dikta er rosa, poesiens eldgamle symbol på kjærleik. Denne rosa er ikkje rød, men kvit. Kvit som sjukehus og sjukdom. I alt består samlinga av 160 dikt, og kvart av dei er berre på fem linjer. Omtalen er utarbeidd av BS.