Den kalde krigen

Vaksne

Den kalde krigen

Hallvard Tjelmeland

2006

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

  • Den kalde krigen : verdshistorie
I boka gir forfattaren ei kortfatta innføring i perioden som går under nemninga «den kalde krigen», frå siste halvdel av 1940-åra til inngangen til 1990-åra. Hovudtrekka i boka er kvifor den kalde krigen oppstod, kvifor han vart globalisert og skifta mellom tilspissing og avspenning, og korleis og kvifor epoken brått tok slutt rundt 1990. Gjennom heile framstillinga flettar forfattaren inn nyare forsking og dei ulike forskingstradisjonane som har vore på feltet, og slik gir boka ei oppdatert innføring i epoken. Eit gjennomgåande tema er korleis oppfatningane om den kalde krigen også speglar utviklinga i samfunnet, og samanhengen mellom vitskap og politikk, historie og samfunn. I den nye utgåva blir framstillinga trekt fram til dei dramatiske endringane i verdspolitikken det siste tiåret, der også spørsmålet om den kalde krigens lange verknader på internasjonal politikk blir reist. Har verda gått inn i ein ny kald krig etter Russlands storskalainvasjon av Ukrainia i februar 2022? "Utsyn og innsikt" er ein serie kortfatta introduksjonsbøker til større emne i historieforskinga.

Utgåver