"Den yngre Edda" gir ei framifrå innføring i norrøn mytologi. Odin, Tor, Midgardsormen og alle dei andre mytiske figurane er for all ettertid gjort levande av høvdingen og historikaren Snorre Sturlasson. Opphavleg var det eilærebok i diktekunst, skriven kring 1220. På denne tida hadde kristendommen gjort sitt inntog, og dei gamle gudane skulle vere borte. Men i den norrøne diktekunsten høyrde gudeverda med. I "Den eldre Edda" er gudane og heltane skildra i knappe, ofte gåtefulle vers. Snorre framstiller derimot hendinganei prosaform, med vanlege ord og vendingar. Hallvard Magerøy har skive innleiinga. Boka er omsett av Erik Eggen og kom første gong ut i 1961. 5. utg.