Mamma har målt Tor. Han er 99 cm. Nesten ein heil meter. Han er likevel ikkje stor nok til å nå opp til kjeksboksen på kjøkenskapet, slik som mamma. Tor synest dei vaksne har det mykje lettare, men det har sine fordelar å vere liten også. Til dømes så orkar han å ete meir vaniljeis enn mamma. Dette er ei humoristisk bok om forskjellane mellom store og små, der barna kan kjenne att kvardagen sin, og dei store får sjå verda frå eit barneperspektiv. Biletbok for førskolebarn/småskoletrinnet.