Ærleg og hudlaust skriv Charlotte Riise om erfaringa med bulimi: det skambelagde. Det er 5480 dagar kor kroppen var i kamp med seg sjølv og sjukdommen styrte tilværet til dikt-eget. Men samlinga rommar meir enn ei sjukdomshistorie: ho tematiserer konflikter mellom det indre og det ytre, mellom kropp og tanke, kjærleik og hat. Dette er den andre diktsamlinga til Charlotte Riise.