Anna og hunden hennar Kaspar er denne gongen i Frankrike, i ein liten borgby ved Middelhavet. På toppen av denne borga ligg det eit 700 år gammalt slott. Anna er på omvisning i slottet då det plutseleg hender noko. Anna og Kaspar er igjen midt oppi eit nytt mysterium. Parallelt med dei mystiske hendingane Anna opplever, møter man Bastien, ein gut som bur i borga i tida rundt den franske revolusjonen. Bastien får eit oppdrag. Anna og Namira, ei jente ho blir kjent med i den vesle borgbyen, gjer ei oppdaging i det gamle huset Namira bur i, ei oppdaging som blir til god hjelp når dei til slutt nøstar opp i slottsmysteriet. Anna, Kaspar og Namira kjem ut for mange farar og utfordringar. Forteljing for mellomtrinnet. Omtalen er utarbeidd av BS.