Live klargjer barndomsheimen for sal. Ho tek oss med tilbake til ulike episodar som var med på å forme dagane, dei lette og gode minna, men også det som gjorde livet utrygt. Den unge Live er skarp, livleg og morosam. Og vi får eit godt innblikk i ei ung jentes oppvekst på 60-talet med mange tidsriktige detaljar; filmstjerner, songarar, bilmerke, slagerbøker, papirdokker, mote og musikk. Heile tida ligg det eit mørke under som varslar om kva som skal komme.