Det svarte sverdets hemn

Roman  •  Fantasy  •  11 – 15 år

Det svarte sverdets hemn

Åsmund Forfang

1998

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

Riddarvæpnaren Morgan gler seg til nokre dagar fri frå åleineliv og væpnartrening då han rir inn i Bramur for å sjå faren og andre delta i Bramur-turneringa. Målet til faren er endeleg å bli riddarmeister. Over dei syng Øydisfugelen og varslar om ufredstider og død. Turneringa går ikkje slik dei hadde ynskt, og på heimvegen blir dei overfalle av røvarar, kjem bort frå kvarandre og blir kvar på sin måte og på ulik side viktige brikker i "Det svarte sverdets hemn". Sterke krefter har lenge vore bundne, men no bryt striden ut mellom mektige fiendar. Morgan blir utan nåde dregen inn i striden saman med nye vener, men kven er ven med kven, og kven kan ein lite på? - Morgan ber òg på sin løyndom. Personskildringa er levande og forteljinga har god framdrift og er spennande med fleire overraskingar om personane og i handlingsutviklinga. I god fantasytradisjon er det kamp mellom gode og onde krefter, og i kampen grip det inn vesen - her troll, skogfolk og flygekatt - og oversanselege fenomen som styrer eller hjelper menneska. Språket flyt godt, og skriftbiletet er stort og kapitla mange. Forteljinga har tidlegare gått som følgjetong i Norsk Barneblad, men er omarbeidd og fungerer bra som roman. Samlaget, 1998. 180 s. (Annoteringen er utarbeidet av Statens bibliotektilsyns rådgivende utvalg for barne- og ungdomslitteratur).

Utgåver

Kontakt

Sånn bruker du biblioteket

Time kommune
Ansvarleg redaktør: Anne Tjørhom Frick
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Bygd med Libry Content