Olav H. Hauge (1908-1994) debuterte i 1946 og gav ut seks diktsamlingar. Ei rad nye dikt fletta han inn i dei samla utgåvene. Hauge var både klassisist og modernist; han kjende og brukte mange strofeformer og poetiske verkemiddel. Nettopp den veldige spennvidda mellom korthogne strofer og formfullenda sonettar har hatt ein eineståande appell på tvers av generasjonane. Denne 7. utgåva av diktsamlinga har til saman 331 dikt. Med diktregister. Omtalen er utarbeidd av BS.