
Lån boka
Om boka
Thomas Manns verk er rekna blant dei fremste i verdslitteraturen, og novellene hans står ikkje tilbake for romanane. Kvar av dei tre novellene i denne boka er rekna som meisterverk innanfor novellekunsten. Her utforskar han samfunnet, menneskepsyken, kjærleiken og kjønnsidentitet. Døden i Venezia (1911) er Manns mest lesne novelle, og er eit av dei mest refererte verka i seinare litteratur, film og teater. Ho tematiserer forfallets estetikk, og korleis dragninga mot det vakre kan føre til undergang. Tonio Kröger (1903) er ein sjølvbiografisk kunstnarroman i miniatyr. Mario og trollmannen (1930) skildrar ein hypnosekunstnar som manipulerer menneska med talekunst – eit litterært varskurop frå 1930 med skremmande aktualitet i dag. Mann kombinerer psykologisk innsikt og filosofiske og eksistensielle spørsmål med ironi og ein elegant og symbolmetta forteljarstil. Han var høgt akta blant forfattarar i samtida, og han har hatt stor påverknad på både forfattarar, filmskaparar, musikarar og andre kulturarbeidarar internasjonalt, som Woody Allen, Philip Roth, Haruki Murakami, Alice Munro eller Christian Kracht. I 2025 er det 150 år sidan nobelprisvinnaren frå 1929 blei fødd. Dette vil bli markert både i hans heimland Tyskland og her i Noreg.
Utgåver
