Echo Mountain

Reiseskildringar  •  Vaksne

Echo Mountain : forteljingar frå L.A.

Anna Kleiva

2018

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

  • Los Angeles (California, USA)
Sidan Anna Kleiva vitja byen for fyrste gong i 2008, har Los Angeles sitte fast i sinnet hennar. Det kan være noko med kontrastane, noko med at det marknadsførte biletet av byen er den diametrale motsetninga til LA, slik byen opplevast frå innsida: fragmentert, stygg, rå, underleg, fattig og rik om kvarannen. Denne boka er eit forsøk på å kartlegge LA, gjennom portrett av ulike delar av byen og livet der. Bilkøyring, einsemd, palmar, prærieulvar og Hollywood er nokre av stikkorda. Boka inneheld fotografiar av Yngvild Gotaas Torvik og refererer hyppig til litteratur, musikk og filmar som har verka inn på Kleivas oppleving av byen. Sjølv beskriver forfattaren boka som ein litterær collage. Omtalen er utarbeidd av BS.

Utgåver