Denne boka gir ei oversikt over Midaustens historie frå profeten Muhammeds tid og fram til i dag. Boka trekker linene mellom religionen islam og den politiske historia, og viser utviklinga av innhaldet i islam. I nyare tid har den arabiske våren ført til store endringar i Midtausten, med samanbrot i fleire land, medan politisk islam har fått breiare plass i andre. I denne tredje utgåva blir denne utviklinga sett inn i ein historisk samanheng. Med rammetekstar, kart og stikkordregister. Omtalen er utarbeidd av BS.