Ein betre vår ein gong er ein biografi om bibelomsetjaren, kyrkjestatsråden og teologiprofessoren Elias Blix (1836–1902). I dag er han mest kjend som forfattaren av mange av våre kjæraste salmar. Blix var også politikar og fekk i 1885 igjennom vedtaket om måljamstelling. Anders Aschim, sjølv teolog og bibelomsetjar, har funne fram mykje nytt stoff, og har skrive den første biografien om den særeigne bakgrunnen og livet til salmediktaren.