Kva skjer når menneske opplever sterkt press? Press frå seg sjølv, frå andre eller dei overraskande vendingane livet kan ta. «Ein gong var dei ulvar» er ei novellesamling om menneske som møter noko nytt og ukjent. Dei seks novellene har likevel stor tematisk spennvidde. Vi møter mellom anna ei jente som kjenner på saknet etter systera, tre barn som er åleine under eit straumbrot midt i jula og ein leigemordar som sit i ein bil og ventar på offeret sitt. Dette er Therese Tungens debutbok. Omtalen er utarbeidd av BS.