Alt som smågut vart Herbjørn Sørebø kjend med den folkekjære sunnfjorddiktaren frå Dale. Biografien byggjer først og fremst på eigne minne om møte med Jakob Sande, frå forfattaren stod på sitt høgste til like før han døydde, vel 60 år gamal. Dette er eit varmt og høgst personleg portrett, skapt etter samtalar med slekt, venner og andre som kjende Sande frå arbeid og fritid. Han har fått med fleire moment og episodar som kastar nytt lys over det mangslungne og omskiftelege livet til denne populære diktaren. Boka er rikt illustrert, og har fleire foto og nokre tidlegare upubliserte dikt. Ill., ib., 2000. (Forhåndsomtale)