Ein tysk soldats dagbok frå krigen i Nord-Norge

Vaksne

Ein tysk soldats dagbok frå krigen i Nord-Norge

Johannes Martin Hennig

2002

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

  • Johannes Martin Hennig (prest), 1902-1997
Presten Johannes Martin Henning frå Hamburg var 42 år gammal då han vart utskriven til Wehrmacht og i mars 1944 send til Nord-Norge. Henning var ikkje i frontteneste, hans oppgåve var å vakte dei russiske krigsfangane som arbeidde på Nordlandsbana. Henning vart svært overvelda av norsk natur og tok ei rekkje foto den tida han var her, frå fangeleiren, bygging av jernbana og bygda rundt. Han skriv om dramatisk flukt frå krigsfangeleiren i Kalvik, om overfall, og om den tyske tilbaketrekkinga fra Finland i 1944-45 då ein endelaus straum av soldatar, hestar og bilar reiste forbi langs Riksveg 50. Boka er redigert ut frå dagboka hans og brev som han skreiv til kona og barna. Nokre av breva vart ikkje sende, fordi innhaldet kunne kvalifisere til dødsstraff for Wehrkraftzerstzung (svekking av kampmoralen). Ein nordmann gøymde breva og sende sei til Henning etter krigen. Det eksisterer ikkje mange tyske krigsskidringar av okkupasjonen i Norge, og slik sett er dette ei spesiell bok.

Utgåver