Einar Førde (1943-2004) var som politikar, minister og kringkastingssjef med og endra det norske samfunnet. Førde var frykta for dei bitande replikkane sine og elska for humoren. Tor Obrestad teiknar eit bilete av Førde, frå barndom og ungdom i Høyanger, gjennom studieår og idrett i Oslo, stortingsperioden, tida som kyrkje- og undervisningsminister og kringkastingssjef. Førdes rolle som premissleverandør for utforminga av Arbeidarpartiet sin politikk og norsk mediepolitikk blir analysert, og rolla hans i sentrale stridsspørsmål blir drøfta.