På veg til besteforeldra utfordrar Amund tvillingsøstera Amanda til å byte klede, dei skal late som dei er kvarandre, eit eksperiment som berre skal vare ein kveld. Men så får dei uventa besøk som ikkje gjennomskodar spøken, og då blir det vanskeleg å byte tilbake. Dette er ein klassisk forviklingshistorie med alvorlege undertonar, og fantasien om å vere motsett kjønn. Fortelling for mellomtrinnet.