Aslaug Vaa (1889-1965) var lyrikar, dramatikar og essayist. Ho var òg litteraturkritikar og omsetjar og var levande oppteken av og vel heime i europeisk dikting og tenking. Denne monografien av professor Leif Mæhle er ein fyldig presentasjon av Aslaug Vaas forfattarskap, ei "vandring" langs hovudlinene i diktarlandskapet, med nærlesing av sentrale tekster. Boka er rikt dokumentert gjennom Aslaug Vaas korrespondanse og hennar publiserte og upubliserte kommentarar til eige liv og eiga diktning. Leif Mæhle hadde nær kontakt med Aslaug Vaa dei siste åtte åra ho levde. Boka er illustrert med fotografi i svart/kvitt. Med litteraturliste.