«Felttestamente» er ein undersøking av galskap, godheit og vondskap. Det handlar om ein anestesisjukepleiar som har teke livet av ei rekkje pasientar på ein sjukeheim for å lindre smerta deira. Han mister etter kvart kontrollen over seg sjølv og det han held på med. I eit forsøk på å redde livet prøver han å gjere reie for det han har gjort, gjennom å skrive ut livssoga si og legitimera det han held på med. Men språket, som han heller ikkje har kontroll over, og som han trur er ein livbøye, viser seg å være ei søkke. Omtalen er utarbeidet av BS.