Fleire vestlandsvegar

Vaksne

Fleire vestlandsvegar : frå Trollstigen til Djevelens veranda

Halvor Folgerø

2021

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

  • Vestlandet - Kulturhistorie
  • Vegar - Vestlandet - Historie
I «Fleire vestlandsvegar - Frå Trollstigen til Djevelens veranda» fortel Folgerø om fleire vegstrekk og tar oss med til kjende turistvegar som Sognefjellsvegen, Haukelifjell og vegknutepunktet Lærdal, men også meir ukjende som Austefjordvegen, Aursjøvegen og Dollarvegen. Vi møter nokre av dei som har brutale erfaringar frå livet på smale, svingete og farlege vegar. Frå den berykta rasstrekninga på gamle E69 ved Åndalsnes og sørover til den såkalla Djevelens veranda i Eigersund. Boka er full av gode historier frå nær fortid då det var nødvendig å vera kreativ for å koma fram. Det handlar om bilmekanikaren som redda ferien då han fiksa ein sprokken bensintank med sterilansåpe, om trailersjåføren som blei ufrivillig jordfar på veg opp Hemsedalsfjellet, og om elefantane til Sirkus Arnardo som måtte leiast gjennom dei låge tunellane ved Saudafjorden. Sirkusarbeidarane måtte gå laus på tunelltaket med hakker og slegger for å få bilane gjennom. Halvor Folgerø gav ut boka "Vestlandvegar" i 2021.

Utgåver

Kontakt

Sånn bruker du biblioteket

Time kommune
Ansvarleg redaktør: Anne Tjørhom Frick
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Bygd med Libry Content