Forfattarens skriftstader

Vaksne

Forfattarens skriftstader : litterære museum i norsk minnepolitikk

2018

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

  • Litterære museum - Noreg
Denne første norske boka om museum som minnepolitiske institusjonar diskuterer mellom anna kva som skjedde med kjøkkenet i Henrik Ibsens barndomsheim i Skien, korleis Arne Garborgs skrivestove på Jæren vart ein minnestad og kvifor det ikkje blei noko forsoning i Grimstad då byen skulle vere med på feiringa av Knut Hamsuns hundreårsjubileum. Minnepolitikk er å bruke hendingar i fortida til å fremje verdiar og interesser i samtida. Analysane og forteljingane til eit dusin forfattarar ved seks litterære museum ei meint å gi ei breiare forståing av musea si samfunnsrolle. Dei viser ukjende sider ved litterær minnepolitikk gjennom 150 år og skriv musea inn i norsk litteraturhistorie. Boka inneheld også ein studie i førpremieren på filmen «Kongens nei», eit essay om skriftkultur og minnepolitikk, og ein omfattande bibliografi for den som vil vite meir. Boka har samandrag på engelsk. Omtalen er utarbeidd av BS.

Utgåver

Kontakt

Sånn bruker du biblioteket

Time kommune
Ansvarleg redaktør: Anne Tjørhom Frick
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Bygd med Libry Content