Boka fortel om kva globalisering er og gjer, med eksempel frå kvardagen. Boka gir ei lettfatteleg innføring i kva globalisering eigentleg betyr. Her får ein vite kva unge indianarar som arbeider på call centre har med oss å gjere. Kvifor nordmenn mistar jobben når amerikanarane ikkje klarer å betale lånet sitt. Og samanhengen mellom prisen på kleda våre og barnearbeidarar i Bangladesh. Boka har og bidrag frå mellom andre Jonas Gahr Støre, Knut Nærum, Thomas Hylland Eriksen, Kristin Clemet og Sør-Afrikas mest kjende avisteiknar, Zapiro. Nynorsk tekst. Faktabok for ungdomstrinnet.