Hans Jonas (1903-1993) er ein av dei mest kjende filosofane i Tyskland i det 20. århundre. Hovudpoenget til Jonas er at mennesket i den teknologiske tidsalderen har fått så utvida makt over naturen at all tidlegare etikk har blitt utdatert. Med denne boka får vi ein introduksjon til hans bidrag til moderne filosofi, og forfattaren lar liv og verk kaste lys over kvarandre.