Dette er ei spennande bok med godt tempo. Mysteriet om kva som skjedde under forliset av Hurtigruta gjer at ein blir dratt inn. Forteljinga følg fleire personar, og har også tilbakeblikk til tida før, under og etter forliset.
Forteljinga tek utgangspunkt i forliset av hurtigruteskipet D/S "Prinsesse Ragnhild". Skipet gjekk ned utanfor Bodø i 1940, og forfattaren har dikta vidare basert på denne faktiske hendinga.