Ingrid Z. Aanestad er på flyttefot og prøver å finna seg til rette i eit sekstitalshus ved ein skog. Samstundes søkjer ho til litteraturen og tekstar som utforskar kva det vil seia å koma frå ein stad, og kva det inneber å kjenna seg heime. Gjennom åtte lesingar av mellom anna Arne Garborg, Virginia Woolf, Mirja Unge og Jun’ichiro Tanizaki leitar Aanestad etter skrivne, skapte heimar. Omtalen er utarbeidd av BS.