Ei vårnatt i 874 fører Håstein Atleson frå Gaular vikingskipet sitt, "Hemnaren", opp Dalsfjorden for å hemne drapet på brørne og far sin. Sjølv om drapsmennene, Ingolf Arnarson og fosterbroren Leiv, har betalt dyre bøter og er dømde fredlause, er ikkje det nok straff for Håstein. No må Ingolf og Leiv flykte med folk og dyr. Med på flukta er óg Torstein (14) og træljenta Skaima (13). Dei sett kursenen mot Island, for der bur det ingen menneske. Men hemnaren vert med i skipet ut på havet, og hemnens skugge ligg tungt over Torstein og Skaima. Har illustrasjonar i svart-kvitt. Nynorsk tekst. Historisk roman for ungdomstrinnet.