«Ho sykla bort» inneheld fleire noveller med synsvinkelen til barn. Saknet etter ein stefar som er borte, ein busstur vekk frå ein far med alkoholproblem, ei veslesøster som har drukna. Andre av novellene er sentrerte rundt minne som dannar utgangspunkt for forteljingar om eit heilt liv: Ei kvinne som har flytta heim til mor si etter eit samlivsbrot, ein mann som er i ferd med å gli vekk frå omverda på sjukeheimen. Felles for novellene er at dei er lågmælte og såre, ofte med ein dramatikk som syd under overflata. Omtalen er utarbeidd av BS.