Olga blir svikta av mannen sin etter 12 års ekteskap. Han forlet henne til fordel for ei yngre kvinne. Det er sommar, uuthaldeleg varmt, Olga kjenner seg innestengd i leiligheiten. Ho er ridd av sjalusi, raseri og sjølvforakt, og sakte, men sikkert mistar ho grepet. Dei to borna og hunden Otto dreg ho med seg i fallet. ”Svikne dagar” er ein roman om ekteskap, moderskap og åleineliv. Omtalen er utarbeidd av BS.