Jo ligg på baderomsgolvet, midt i ein heimeabort. Ho spør seg sjølv korleis ho havna her. Korleis blei kjærleiken noko vondt som er umogleg å gi vidare? Gjennom fragment frå barndommen og vaksenlivet får vi innblikk i relasjonane Jo har hatt til menneska rundt seg: broren Iben, faren, mora og kjærasten. Det handlar om korleis vi menneske leikar med kvarandre, i familien og i parforhold, og at leiken aldri er berre leik. I ringane er ein roman om kjønn, makt og identitet. Kristina Leganger Iversen debuterte med diktsamlinga Hjartemekanikk i 2011.