Nina bestemmer seg for å ikkje snakke meir med far sin. Ho oppdagar tilfeldig at han har ei dame på si, og at han har planar om å skilje seg og flytte frå dei og dette er hennar måte å straffe han på. Parallelt med desse hendingane prøver Nina si bestevenninne, Åsta, å få kontakt med Knut, ein av gutane i klassen. Åsta vil at Nina skal bli kjærast med Tord, kameraten til Knut. Det hadde liksom gjort det heile enklare. Og det ser faktisk ut som om det kan skje? Dette er ei god og kjenslevar forteljing. Nina sine tankar blir formidla på truverdig vis i eit direkte språk. Forteljinga byggjer seg opp mot Nina sitt opprør mot far sin, men utan at lesaren blir bydd enkle og eintydige svar. Samlaget, 2001.