Lån boka
Anbefaling frå eit anna bibliotek
Nydeleg «Stream-of consciousness-bok» !
To brør som nesten ikkje er på talefot. Kompliserte kjærleiksforhold. Ein nyleg avdød far. Manglande og dårleg kommunikasjon. Sally Rooney går som allvitande forfattarstemme inn i hovudet på fleire av desse personane. Ho klarer på meisterleg vis å få fram det komplekse, såre og til tider fortvila i desse litt dysfunksjonelle relasjonane. Språket varierer etter kven av personane me ser handlinga gjennom, det er tidvis oppstykka og hektisk, men jamt over er boka lettlesen og har godt tempo. Eg fekk meir og meir empati med dei ulike personane utover i boka, og ser godt for meg at dette kan verta ein rørande serie eller film. Ei skikkeleg god bok!
Hå bibliotek