Ask er vald frå Regnbueklinikken av sine to mødre. Det same er lillebroren til Ask. Bestevennen Nicki passar godt inn – ho er lesbisk og har hooka med fleire jenter. Ho masar ein del på Ask og kva type gutar han liker. Men Ask har ingen forelska-følelser for nokon gutt. Det kriblar skikkeleg i magen når den nytilflytta jenta sendar han blikk. Korleis kan han vera seg sjølv og samtidig bli godteken av bestevennen, familien, klassen og bygda? Det er ei engasjerande, tankjevekkjande og personleg forteljing som både er varm og sår. Handlinga går i godt driv basert på tema ungdomstid, utanforskap og opprør.